Aktuelt i Sogn og Fjordane
Følg med på denne sida for å få siste nytt i prosjektet Huset i bygda, eller finn nyttig informasjon og lenker for drift av organisasjonseigde kulturbygg.
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har sett av 500 000 kr som skal gå direkte til bygningsmessige tilretteleggingar i lagseigde kulturhus. Søknadsfristen er 15.april, så de har ti dagar på dykk til å sende denne viktige søknaden til oppgradering og utvikling av ditt lokale kulturbygg.
Sogn og Fjordane Ungdomslag søkjer rådgjevar i 50 % stilling frå mai 2017 eller tidlegare.
Sogn og Fjordane Ungdomslag satsar på ungdomshusa, grendehusa og andre organisasjonseigde kulturhus i fylket. No lyser dei ut fast stilling som rådgjevar for kulturbygg og ungdomslag.
Fylkeskommunen inviterer saman med Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Gjensidigestiftelsen frivillig sektor i Sogn og Fjordane til samling om tilskotsordningar. Samlinga vert laurdag 1. april på Thon Hotel Jølster, Skei.
Sogn og Fjordane fylkeskommune, Huset i Bygda og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane samarbeider om utvikling av kulturbygg og lyser no ut til saman to millionar kroner.
Gjennom medlemsskapet i Noregs ungdomslag har lokallaga tilgang på ein del tilskotsordningar. Eit døme på dette er Extrastiftelsen der lokallaga kan søkje om midlar til prosjekt som har eit førebyggande og helsefremmande perspektiv. Søknadsfristen er 1. mars.
Kven veit? er ei kunnskapstevling der deltakarane får teste allmennkunnskapane sine, og vi har to klasser: Junior Kven veit? for dei opp til 14 år og Senior Kven veit? for vaksne over 14 år.
Ynskjer du å styrke eit av dei lokale kulturbygga i Naustdal? Treng du idear til aktivitet og arrangement? Då er dette samlinga for deg.
Laurdag 12.november samlast eldsjeler frå kulturbygg frå heile Sogn og Fjordane i Lagshuset Fram på Stårheim. Dette vert ein konferanse spekka av fagleg påfyll og inspirasjon rundt drift av lokale kulturbygg.
Treng kulturbygget ditt ei modernisering og rehabilitering? Ynskjer de påbygg elle rnybygg? drøymer de om univesell utforming av toalett og inngangsparti, eller kanskje ENØK-tiltak? Då bør de bli med på Kulturbyggkonferansen og få med dykk Guro Høyvik si innføring i korleis skrive gode søknader til Spelemidlar til kulturbygg.
Er du ein av dei som strevar med å setje opp gode budsjett? Treng du tips til korleis skrive gode søknadar? Ta turen til Kulturbyggkonferansen på Stårheim laurdag 12. november! Her får du nyttige og konkrete tips om budsjett og søknadsskriving.
Sogn og Fjordane fylkeskommune har inngått utviklingsavtale med Sogn og Fjordane ungdomslag. Målet er å finne samarbeidsformer som gjer at kompetansen i begge organisasjonane vert nytta og utvikla til beste for begge partar og for samfunnet.
Er du engasjert i eit av dei 400 kulturbygga i fylket vårt? Treng du idear til korleis skape gode møtestader, eller vil vite meir om søknadsskriving og tilskotsordningar? Då er dette konferansen for deg! Set av laurdag 12.november til fagleg påfyll og inspirasjon.
Ungdomshuset, Folkets hus, Grendahuset, Lokalet, kjært barn har mange namn. Alle som vaks opp i distrikts Norge i etterkrigstida har på ein eller annan måte eit forhold til dette lokalet. Her vart det arrangert dansefestar, folkemøte, basar, trimparti og danseskular. Lokalet vart flittig brukt av folk frå alle samfunnslag. I sentrum stod gjerne det gode, norske uttrykket dugnad. Gjennom felles innsats vart det skapt minne for livet.
KVALHEIM GRENDAHUS er vertskapet for Regionsamlinga for dei lokale kulturbygga i Vågsøy kommune. Set av kvelden onsdag 28. september kl. 19.00 – 21.30 allereie no. Dette er ei aktuell samling for dykk som ynskjer å styrke det lokale kulturbygget, eller om de treng idear til aktivitet og arrangement. De får også informasjon om søknadsskriving og tilskotsordningar.
•
Dei organisasjonseigde kulturbygga i Selje kommune er hjerteleg velkomen til innhaldsrik Regionsamling i Ervik grendahus torsdag 29. september kl 19.00
Sogn og Fjordane fylkeskommune skal i desse dagar i gang med nyttige kurs for dykk som ynskjer å søkje SPELEMIDLAR til Idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og KULTURBYGG.
Sogn og Fjordane fylkeskommune er uroa over utviklinga av tildeling av Spelemidlar til kulturbygg. Les denne uttalen frå fylkeskommunen om saka.
Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til gratis kurs for deg som skal søkje om spelemidlar til eit anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv eller til eit kulturbygg. Og for deg som skal søkje om infrastrukturmidlar til reiseliv.
Er dei gamle stolane i ditt lokale kulturbygg vonde å sitje i? Har de mange ulike variantar, og alle slags fargar? Her er ein moglegheit å oppgradere inventaret om de er raskt ute.
Fylkeskommunen har fordelt midlar frå desentralisert ordning for kulturbygg til fem kulturbygg i fylket: Askvoll samfunnshus, Loen bygdehus, grendahuset Mardal skule, Naustdal barne- og ungdomsskule - kulturhusfunksjonar og Realen.
Samlar inn bilete av skulehus
Er det framleis lys i vindauga i ditt gamle skulehus? I kva form lever dei gamle skulehusa vidare der du bur? Mange gamle skulehus er i dag grendahus, privathus eller skulemuseum, og mange fleire har forsvunne.
Våren 2016 opna det seg nye moglegheiter for lokale kulturbygg som ynskjer utvikling og modernisering. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Huset i bygda har starta eit samarbeid for utvikling av lokale kulturbygg. 7 bygg får snart friske midlar på bok.
Drøymer de om utvikling og modernisering av det lokale kulturbygget dykkar? Då bør de undersøkje nærare "Spelemiddelordninga for lokale kulturbygg" via Sogn og Fjordane fylkeskommune. Denne ordninga gir midlar til nybygg, ombygging, modernisering, rehabilitering av kulturbygg, og med vekt på Enøk-tiltak.
Er de nysgjerrig på om dette er noko for dykkar bygg, så bli med på Søknadskurs til hausten.
Tema for Regionasmlinga vert m.a. Aktivitet og økonomi, Søknadskriving og tilskotsordningar, samt informasjon frå Eid kommune og Eid Frivilligsentral.
Regionsamlinga er gratis. Vi håpar mange set av kvelden og vert med på dette nyttige møte.
Påmeling INNAN FREDAG 20.MAI til husetibygda@ungdomslag.no eller sms/tlf 97403699.
Hjerteleg velkomen!
Torsdag 07.04 kl 1900 på Rådhuset i Gaupne.
- «Huset i bygda» ved Ingunn Nyheim
- Grendahuset på Indre Hafslo presentert av Morten Listou og Thorvald Moen
- Kommunal plan for lokale kulturhus. Erling Bjørnetun orienterer om planprosess
Dei organisasjonseigde kulturbygga i Aurland kommune er velkomne til informasjonskveld i Trudvang ungdomshus torsdag 17.03.16 kl 19.30 - 21.30.
Sogn og Fjordane fylkeskommune arrangerer Kulturkonferanse med allsidig og spennande program 1. og 2. april i Førde.
På programmet står m.a. informasjon frå Norsk Kulturråd om stønadsordningar og arrangørstønadsordningar, og mange gode seminar under temaet "Gode møteplassar."
Innan 1.mars kan frivillige lag og organisasjonar søkje midlar frå UDI for å aktiviserer barn som bur på asylmottak. Har du ein tanke om aktivitetar og tilbod som kan gi barna ein meiningsfull kvardag?
Frå 2016 får dei organisasjonseigde kulturbygga i fylket fleire moglegheiter til å søkje midlar til ombygging, modernisering og utvikling. Huset i bygda, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune går no saman for å løfte og styrkje dei over 400 organisasjonseigde kulturbygga i fylket.