Aktivitet skapar aktivitet!

Gjer huset til eit levande bygg som folk får tilhøyrsle og eigarskap til. Inviter bygdefolket til ei idemyldring om kva dei ynskjer å bruke huset til. Kanskje kjem det gode forslag til  noko som de aldri har tenkt på. Det vil også gjere arbeidet med å drifte huset enklare om fleire har tilhøyrsle til bygget, og styreoppgåver og dugnadsarbeid kan fordelast på fleire.

Kven og kva kan vi bruke huset til?

Lag og organisasjonar

  • Klubblokale
  • Møte
  • Arrangement 
  • Øvingslokale

Bedrifter

  • Møte/seminar
  • Festar

Privatpersonar

  • Bursdagar
  • Konfirmasjonar, gravferd, dåp og bryllaup
  • Selskap
  • Øvingslokale