Treng du idear til korleis kulturbygget ditt kan bli ein god, inkluderande møtestad? Går du rundt med ein stor draum for kulturbygget, og treng hjelp og inspirasjon til å setje visjonen ut i verklegheit? Ynskjer du å vite meir om søknadsskriving og tilskotsordningar? Eller treng du rett og slett hjelp til å skrive gode søknader og budsjett? Då er dette konferansen for deg!
Dette vert den femte Kulturbyggkonferansen skipa til av Huset i bygda, i regi av Sogn og Fjordane ungdomslag. Denne gongen er det Lagshuset Fram på Stårheim i Eid kommune som vertskap for den årlege fagdagen for kulturbygg.
Set av laurdag 12.november kl 9.30 - 17.30 til fagleg påfyll og inspirasjon.
TEMA FOR DAGEN:
- SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE, GURO HØYVIK. Spelemidlar til kulturbygg
- SPAREBANKSTIFTINGA SOGN OG FJORDANE, PÅL FIDJESTØL «Søknadskurs med fokus på budsjettskriving»
- LEIKANGER UNGDOMSLAG, MAGNAR OG ASTRID BOLSTAD «Frå visjon til verkelegheit – Suksesshistoria 2016»
- EID FRIVILLIGSENTRAL, ASTRID GRETE TORHEIM. «Kulturbygga som inkluderingsarenaer»
Konferansen kostar 400,- kr pr.pers inkl. mat og drikke gjennom dagen.
Påmelding: Til prosjektleiar for Huset i bygda, Ingunn Nyheim, anten e-post til husetibygda@ungdomslag.no eller tlf/sms til 97403699 så snart som råd, og SEINAST LAURDAG 05.11.16