KULTURKONFERANSEN 2016 "KVALITET I KULTUREN"

Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til kulturkonferanse på Scandic Sunnfjord Hotel fredag 1. april og laurdag 2. april 2016.

Felles kulturkonferanse

Her samlast kulturarbeidarar i heile Sogn og Fjordane til felles kulturkonferanse med fagleg påfyll, der det å møte andre kulturarbeidarar også er viktig.

Fredag er det både felles foredrag og parallellseminar. Tema for dagen er «Gode kulturtilbod». Her kjem m.a. Norsk kulturråd som skal snakke om kvalitet i kulturen og Norsk publikumsutvikling som skal ha workshop om publikumsarbeid. I tillegg blir det kommunekontaktmøte i DKS, seminar om bruk av originalkjelder og seminar om viktige møteplassar for inkludering. 

Laurdag er tema «Gode møteplassar». Her bidreg m.aAmal Aden i seminaret Møteplassar i praksis – vandring i Førde. Det vert seminar om den kulturelle spaserstokken og Pål Isdal Solberg skal snakke om kulturarenaer for ungdom. Vi vil også delta på opninga av UKM-festivalen 2016, den viktigaste regionale møteplassen for ung kultur. Seminaret vert avslutta med parade til og UKM-konsert på Skywalken i Førde kl 12.30 – 14.30. Det er høve til å få med seg resten av UKM-festivalen i Førdehuset.

Påmeldingsfrist

Frist for å melde seg på er 18. mars

Meld deg på

Du kan melde deg på konferansen og velje parallellseminar her:

Praktiske opplysingar

  • Konferansen er på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa.
     
  • Overnatting: du melder deg på og tingar overnatting i påmeldingsskjemaet. Betaling for overnatting skjer direkte til hotellet, kr 1 081.
     
  • Deltakaravgift for heile konferansen er 800 kr. Dette inkluderer dagpakker, to lunsjar og middag fredag kveld. Det vert sendt ut rekning for konferansen frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.
     
  • Det er høve tilå delta på deler av programmet.
     
  • Sjå påmeldingsskjema for meir informasjon.