Straum

Ha gode rutinar for tilsyn av straumforbruket. Bruk gjerne ein fast person til dette. Det er eksempel på hus som har halvert straumutgiftene sine ved å ha godt tilsyn på huset. Sjå alltid etter omnar o.l. etter utleige av huset. Ofte står alle omnar på fullt når det har vore utleigd. Om huset berre vert brukt til møter o.l. i lengre periodar kan det vere fornuftig å slå av varmtvasstanken, men om det ofte er behov for å bruke varmt vatn lønar det seg ikkje å slå denne av og på.

Sparetiltak:

  • Sjekk med ulike straumselskap om dei kan tilby betre pris (ikkje undervurder dette punktet)

  • Innstaller varmepumpe i staden for å bruke panelomnar

  • Etterisolering

  • Tettningslister

  • Byte ut gamle vedomnar med nye energieffektive

  • Vannsparande amatur

  • Sparepærer

  • Ved kjøp av kvitevarer, sjekk energimerke

  • Installer tidsur og rørsle-sensorar

  • Kontakt ENOVA (www.enova.no) om moglege energitiltak