Stillinga er fast og todelt, og inneber:
Oppfølging av «Huset i bygda» med mål om å styrke dei organisasjonseigde kulturbygga i fylket. Dette vil utgjere 40 % av stillinga.
Kontakt med og informasjonsarbeid ovanfor lokale ungdomslag i Sogn og Fjordane Ungdomslag, samt administrative oppgåver for fylkeslaget. Dette vil utgjere 10 % av stillinga.
Om «Huset i bygda»:
”Huset i bygda” starta som eit prosjekt i Sogn og Fjordane Ungdomslag i 2010 og er no eit fast satsingsområde i fylkeslaget. For meir informasjon, sjå i øvste menyen "Om oss".
Om Sogn og Fjordane Ungdomslag:
Sogn og Fjordane Ungdomslag er fylkeslag for 40 lokale ungdomslag med i alt 1 050 medlemer, og har som mål å tilby kurs, samlingar og oppfølging av dei lokale ungdomslaga.
Sentrale arbeidsoppgåver:
Gjennomføre kommunevise samlingar for huseigarar for auka kompetanse, erfaringsdeling og nettverksbygging.
Gjennomføre årlege kulturhuskonferansar.·
Samle opplysningar om dei organisasjonseigde kulturbygga i fylket til ein nasjonal husdatabase og til «Fylkesatlas» i Sogn og Fjordane.
Gjere kulturbygga meir synlege og drive informasjonsarbeid.
Samarbeide med Noregs Ungdomslag og «Huset i bygda» i andre fylke.
Kontakt med og informasjonsarbeid til dei lokale ungdomslaga i fylket.
Administrative oppgåver for fylkeslaget.
Søkje ekstern finansiering, og ha kontakt med og rapportere til tilskotsgjevarar.
Bygge nettverk med sentrale samarbeidspartar.
Om stillinga:
Noregs Ungdomslag sentralt er arbeidsgjevar.
Styret i Sogn og Fjordane Ungdomslag og ei ressursgruppe for Huset i bygda vil vere med å definere ansvar og oppgåver.
Administrasjonsspråket til Noregs Ungdomslag er nynorsk.
Ideelle kvalifikasjonar:
Erfaring med å drive prosjekt, informasjonsarbeid og arrangementsplanlegging.
Engasjement for lokalt kulturliv.
Erfaring frå drift og aktivitet i lokallag og/eller forsamlingshus.
Gode formidlingsevner, både skriftleg og munnleg.
Erfaring med og kunnskap om bruken av relevante dataverktøy.
Minimum treårig høgare utdanning eller relevant realkompetanse.
Søkjaren må ha sertifikat og disponere eigen bil.
Personlege eigenskapar vil bli tillagt vekt.
Vi tilbyr:
Fleksibel arbeidstidsordning og løn etter kvalifikasjonar
Sjølvstendige og utfordrande arbeidsoppgåver.
Reiseverksemd og kveld- og helgearbeid må påreknast.
Administrative oppgåver i stillinga må løysast frå heimekontor.
Søknad med CV sendast til husetibygda@ungdomslag.no innan 25. mars.
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med prosjektleiar Ingunn Nyheim, tlf. 974 03 699, leiar i Sogn og Fjordane Ungdomslag Hildegunn Gjelsvik, tlf. 482 25 625 eller Åge Avedal, medlem i ressursgruppa, tlf. 970 72 734.