Om Huset i bygda
Forsamlingshusa på bygdene er svært viktig som sosiale møtestader, som arena for innøving og utøving av kultur og som kulturminne. Dei organisasjonseigde kulturbygga – ungdomshusa, grendehusa, samfunnshusa og bygdehusa – er levande kulturarenaer, i stor grad finansiert med dugnad og frivillig innsats. ”Huset i bygda” betyr mykje for samhaldet, identiteten og aktiviteten i små og større bygder og byar.
Etter spørjeundersøking blant lokallaga i 2007, utvikla Sogn og Fjordane Ungdomslag pilotprosjektet "Huset i Bygda," som vart gjennomført i perioden 2010-2013. Etter at pilotprosjektet vart avslutta har Sogn og Fjordane Ungdomslag drifta prosjektet på fast basis med støtte frå Vestland fylkeskommune. Huset i Bygda Sogn og Fjordane er no inne i sitt trettande år.
Ein viktig del av Huset i Bygda er å kartlegge alle organisasjonseigde kulturbygg i prosjekta, slik at desse kan samlast i ein eigen husbase. Prosjektideen er vidare å løfte fram og synleggjere desse kulturbygga som viktige kulturarenaer, og utvikle møtestader og verktøy som kan gjere dei lokale laga til meir kompetente huseigarar.
I dag er Noregs Ungdomslag ansvarleg for utvikling av Huset i Bygda på nasjonalt nivå, mens Sogn og Fjordane Ungdomslag har ansvar for Huset i Bygda i Vestland
I Hordaland fekk prosjektet midlar frå fylkeskommunen til eit treårig prosjekt frå 2013 til 2016. Stafettpinnen gjekk vidare til Møre og Romsdal, som fekk fylkeskommunale midlar til eit treårig prosjekt. Oppstart var i byrjinga av 2017. Prosjektet vart avslutta i 2021 og vil bli vidareført internt i Noregs Ungdomslag. Hausten 2021 vart HiB etablert i Trøndelag. Her er Hilmarstiftelsen prosjektansvarleg.
Informasjon om Noregs Ungdomslag finn de her
Informasjon om Sogn og Fjordane Ungdomslag finn de her