SØKNADSKURS SPELEMIDLAR

Søknadskurs

Publisert 01. juli 2016 av Guro Høyvik | Oppdatert 07. juli 2016

Sogn og Fjordane fylkeskommune arrangerer gratis kurs i Sogndal, Førde og i Stryn i august. Kurset er på kveldstid og varer i tre og ein halv time. Kurset tek føre seg krava for å få ein spelemiddelsøknad eller søknad om infrastrukturmidlar til reiseliv godkjend.

Rammeprogram

  1. Presentasjon av innhaldet i kurset og kurshaldarane.
  2. Spelemidlar: korleis søkje om midlar til anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv og kulturbygg.
  3. Infrastrukturmidlar: korleis søkje om infrastrukturmidlar til reiseliv.
  4. Spørsmålsrunde.
  5. Tips om relevante nettstader, nyttig informasjon m.m.
  6. Vel heim!

Det vert kurs følgjande stadar i august

  • 17. august – Sogndal kommunehus kl. 17.30–21.00
  • 22. august – Storehagen Atrium kl. 17.30–21.00
  • 25. august – Stryn kulturhus kl. 17.30–21.00

Påmelding

Frist for påmelding er dagen før kurset.

Spelemidlar

Spelemidlane er overskot frå Norsk Tipping, som vert fordelt til blant anna

  • idrettsføremål
  • nærmiljøanlegg som klatreparkar, sandvolleyballbaner m.m.
  • friluftslivsanlegg som blant anna turstiar og sanitæranlegg
  • kulturbygg

Infrastrukturmidlar til reiseliv

Støtta skal gå til tilretteleggande tiltak som skal gjere dei mest særeigne attraksjonane i fylket meir tilgjengelege for turistar. Vi ynskjer spesielt å legge til rette for at turisten kan vandre for å oppleve attraksjonar som bre, fjord, fjell, interessante tettstader og kulturattraksjonar. Tiltaka som vert støtta skal medverke til å nå måla for reiselivssatsinga i Verdiskapingsplanen. Meir om ordninga for infrastrukturmidlar til reiseliv.

For meir informasjon

Atle Skrede
rådgjevar fysisk aktivitet
atle.skrede@sfj.no
415 30 716

Guro Høyvik
rådgjevar kulturbygg
guro.hoyvik@sfj.no
415 30 608

Ingeborg Lysne Mcevoy
rådgjevar reiseliv
ingeborg.lysne@sfj.no
906 34 837