I 2016 innførte Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane ei eiga ordning for bygningsmessige tilretteleggingar av lagseigde kulturhus, med søknadsfrist 15. april. Dei vidarefører både ordninga og fristen i år, og reserverer ein pott på 500.000 kroner til føremålet.
Dersom ein skal gjere bygningsmessige endringar, må ein vere sikra at søkjaren eig eller har lov å gjere dette, difor er det nokre spesielle spørsmål som må svarast på i forhald til dei ordinære ordningane til Sparebankstiftinga. Difor må dei som søkjer på vegne av lokale kulturbygg nytte seg av eit eige søknadsskjema som de finn på denne linken:
https://stiftio.com/sparebankstiftinga/sok-om-stotte/kulturbygg/
(PS! Du må lage deg ny brukar på dette skjemaet, sjølv om du har søkt på Sparebankstiftinga sine ordinære søknadsskjema)
Vi gjer merksam på at alle må legge ved eit budsjett for å få søknaden godkjent.
Søknadane vert handsama saman med interesseorganisasjonen for lagshusa Huset i Bygda og med Fylkeskommunen, som handsamar spelemiddel-søknadane til lokale kulturhus, slik at vi får ei mest mogleg heilskapeleg og rettvis handsaming. Svar på søknadane er ventande ca 15. juni.
Foto : Bak fv: Pål Fidjestøl og Kjell Sandnes i Sparebankstiftinga. Framme fv: Ingunn Nyheim (Huset i Bygda) og Guro Høyvik (SFj fylkeskommune).