Drift av huset
I den daglege drifta av huset er det mange ting ein må tenke på. Det er viktig å ha gode rutinar på det som gjeld reinhald, tilsyn og vedlikehald. Husa vert nytta av mange ulike brukarar og det er difor viktig at det er tilstrekkelig tílsyn av huset, slik at det vert ei hyggelig oppleving for alle å leige eller nytte huset til sitt formål.
Vi har utforma nokre sjekklister og malar for korleis dette kan gjerast for å forenkle arbeidet til dei ansvarlege. Nokre av malane inneheld forslag til prisar. Nokre hus skil mellom t.d. medlemmar/ikkje medlemmar. Her står de sjølvsagt fritt til å velje kva måte å organisere huset som passar dykk best.