Sogn og Fjordane fylkeskommune har inngått utviklingsavtale med Sogn og Fjordane ungdomslag. Målet er å finne samarbeidsformer som gjer at kompetansen i begge organisasjonane vert nytta og utvikla til beste for begge partar og for samfunnet.
KULTURBYGGKONFERANSEN 2016
VELKOMEN TIL "FEST PÅ LOKALET"
Ungdomshuset, Folkets hus, Grendahuset, Lokalet, kjært barn har mange namn. Alle som vaks opp i distrikts Norge i etterkrigstida har på ein eller annan måte eit forhold til dette lokalet. Her vart det arrangert dansefestar, folkemøte, basar, trimparti og danseskular. Lokalet vart flittig brukt av folk frå alle samfunnslag. I sentrum stod gjerne det gode, norske uttrykket dugnad. Gjennom felles innsats vart det skapt minne for livet.
REGIONSAMLING I VÅGSØY KOMMUNE
KVALHEIM GRENDAHUS er vertskapet for Regionsamlinga for dei lokale kulturbygga i Vågsøy kommune. Set av kvelden onsdag 28. september kl. 19.00 – 21.30 allereie no. Dette er ei aktuell samling for dykk som ynskjer å styrke det lokale kulturbygget, eller om de treng idear til aktivitet og arrangement. De får også informasjon om søknadsskriving og tilskotsordningar.
•
REGIONSAMLING FOR KULTURBYGGA I SELJE KOMMUNE
ER DE KLAR FOR SØKNADSKURS TIL SPELEMIDLAR?
AUKA SØKNADSTAL - REDUSERTE LØYVINGAR
SØKNADSKURS SPELEMIDLAR
TRENG KULTURBYGGET DITT NYE STOLAR?
2.2 MILLIONAR TIL KULTURBYGG
"SKULEN MIN"
KJÆRKOMNE MIDLAR TIL LOKLE KULTURBYGG
BLI MED PÅ SØKNADSKURS TIL HAUSTEN
Drøymer de om utvikling og modernisering av det lokale kulturbygget dykkar? Då bør de undersøkje nærare "Spelemiddelordninga for lokale kulturbygg" via Sogn og Fjordane fylkeskommune. Denne ordninga gir midlar til nybygg, ombygging, modernisering, rehabilitering av kulturbygg, og med vekt på Enøk-tiltak.
Er de nysgjerrig på om dette er noko for dykkar bygg, så bli med på Søknadskurs til hausten.
REGIONSAMLING FOR ORGANISASJONSEIGDE KULTURBYGG I EID KOMMUNE
Tema for Regionasmlinga vert m.a. Aktivitet og økonomi, Søknadskriving og tilskotsordningar, samt informasjon frå Eid kommune og Eid Frivilligsentral.
Regionsamlinga er gratis. Vi håpar mange set av kvelden og vert med på dette nyttige møte.
Påmeling INNAN FREDAG 20.MAI til husetibygda@ungdomslag.no eller sms/tlf 97403699.
Hjerteleg velkomen!
TEMAMØTE : LOKALE KULTURHUS I LUSTER KOMMUNE
SØK STØTTE TIL KULTURBYGGET DITT
Frå 2016 får dei organisasjonseigde kulturbygga i fylket fleire moglegheiter til å søkje midlar til ombygging, modernisering og utvikling. Huset i bygda, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune går no saman for å løfte og styrkje dei over 400 organisasjonseigde kulturbygga i fylket.
VELKOMEN TIL REGIONSAMLING I AURLAND KOMMUNE
KULTURKONFERANSEN 2016 "KVALITET I KULTUREN"
KAN DETTE VERE NOKO FOR LOKALE KULTURBYGG I TRIVSELSFYLKET?
MEIR PENGAR TIL LOKALE KULTURBYGG.
Frå 2016 får dei organisasjonseigde kulturbygga i fylket fleire moglegheiter til å søkje midlar til ombygging, modernisering og utvikling. Huset i bygda, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane ogSogn og Fjordane fylkeskommune går no saman for å løfte og styrkje dei over 400 organisasjonseigde kulturbygga i fylket.