Kulturdepartementet har lytta til lytta til Noregs Ungdomslag og Huset i Bygda og har satt av eigne midlar til dei laga som fell utanfor dei ordinære statlege tapskompensasjonsordningane og som har hatt meirkostnader og/eller mindreinntekter som følgje av covid-19-utbruddet. Kulturdepartementet gir eit særskilt tilskot på fem millionar kroner til ordninga.
- Vi veit at tilgang på lokale kan vere ei utfordring for frivilligheita. Enkelte lokale grendehus, ungdomshus, samfunnshus, bygdehus eller liknande som driv ikkje fortenestebasert aktivitet, fell utanfor stimuleringsordninga for dei ikkje har registreringsrett i Frivillighetsregisteret. Eg er glad for at vi no kan gje desse eit eige tilskot, seier kulturminister Abid Raja i ei pressemelding sendt ut av Kulturdepartementet.
I samband med lanseringa av ordninga, drog Abid Raja til Grorud samfunnshus i Oslo kor han møtte dagleg leiar Steinar Arnesen, styreleiar David Gulstad, samt Kai Roger Vatne som er generalsekretær i NU.
- Dette er heilt klart sårt trengte midlar, og vi er utruleg glade for at desse kjem på plass no, sa NU-generalsekretæren til Raja.
Grorud samfunnshus er organisert som samvirke, og har derfor gått glipp av Covid 19-kompensasjonsmidlar til no. Huset har partseigarar, deriblant BUL Oslo som er medlem i Norges Ungdomslag.
Tilskotet blir utbetalt til Noregs Ungdomslag som vil vidareformidle støtta til kulturlokale som har hatt meirkostnader eller mindreinntekter som følgje av pandemien. Søkjarar må vere registrerte i Brønnøysundregisteret og kunne dokumentere frivillig ikkje-fortenestebasert verksemd gjennom godkjende vedtekter.
Ordninga vil bli administrert gjennom Huset i bygda, eit prosjekt som er eigd og drifta av Noregs Ungdomslag. Huset i Bygda arbeider for å løfte fram og synleggjere organisasjonseigde kulturbygg som viktige kulturarenaer, og utvikle møtestader og verktøy som kan gjere dei lokale laga til meir kompetente huseigarar.
Informasjon og søknadsskjema om den nye støtteordninga vert lagt ut på www.husetibygda.no innan kort tid.
NB! Lag som er registrerte i Frivillighetsregisteret, kan søkje på den ordinære stimuleringsordninga innan 15. november.