Prosjektet Huset i Bygda skal gi ein oversikt over og vere ein ressurs for dei organisasjonseigde husa rundt om i heile landet – ungdomshusa, grendehusa, samfunnshusa og bygdehusa. Prosjektet starta i Sogn og Fjordane i 2010, og har etter det vore gjennomført i både Hordaland og i Møre og Romsdal. No har turen komme til Trøndelag.
– Målet er å etter tre år ha oversikt over alle dei organisasjonseigde husa vi har i Trøndelag – kven som eig husa, kor dei ligg og kva behov huseigarane har, forklarer prosjektansvarleg for Huset i Bygda-prosjektet, Christoffer Knagenhjelm i Noregs Ungdomslag.
– Vidare er målet å vise fram at desse bygga er viktige kulturarenaer, og å utvikle møtestader og verktøy for huseigarane, for å hjelpe dei å finne gode måtar å drifte husa på, legg han til.
Synleggjering
"Huset i Bygda" er eit prosjekt i regi av Noregs Ungdomslag, med mål om å kartlegge alle organisasjonseigde hus i landet, fylke for fylke. Turen har no komme til Trøndelag, der ein kartleggingsperiode på tre år er støtta av Trøndelag fylkeskommune og Kulturalliansen.
– Både fylkeskommunen og Kulturalliansen deler målsettinga til Huset i Bygda om at husa skal vere gode og viktige kulturarenaer for folk der dei bur. Derfor er vi glade for at dei vil samarbeide med oss om å medverke til å utvikle husa i Trøndelag, seier Knagenhjelm.
Etter å ha jobba med det same prosjektet i Sogn og Fjordane i snart ti år, er Knagenhjelm godt kjend med kva utfordringar dei privateigde forsamlingshusa i distrikta møter. Både når det gjeld økonomi, vedlikehald og å halde oppe aktiviteten. Prosjektet har difor mål om å både synleggjere husa og å hjelpe eigarane med å finne ut korleis dei kan drive husa på best mogleg måte.
I Trøndelag har stiftinga Hilmar Alexandersen, med Torunn Hernes Bjerkem som prosjektleiar, tatt på seg ansvaret for å få ein oversikt over alle dei organisasjonseigde husa i Trøndelag fram til 2023.
I år er målet å få oversikten over husa i Steinkjer, Inderøy, Verdal, Levanger og Snåsa.
– Med utgangspunkt i Ungdomslaget, er det naturleg å snakke om Ungdomshusa. Men dette prosjektet breier seg ut over meir enn det. Samfunnshuset og skyttarhuset og sanitetshuset - alle desse husa er ein del av det, seier Hernes Bjerkem.
– Hovudmotivasjonen min er å skape aktivitet og å skaffe gode driftige hus på bygda. Så får det andre komme som ein ekstra bonus, seier ho.
Fylle gamle hus med nye ting
Vi snakkar med "Huset i Bygda Trøndelag"-gjengen i lokala til Hilmarstiftinga, midt i Kongensgata i Steinkjer. Det er ikkje tvil om at prosjektet vekker mange minne og assosiasjonar til lokale dei sjølve har besøkt.
Ikkje minst har Terje Tranaas mange historier på lager. Han har i fleire tiår spelt med både Åge Aleksandersen og med DDE, og er derfor eit levande tidsvitne til korleis ein del av husa og forholdet vi har til dei, har utvikla seg.
– Hugs kva dei husa har betydd. Det var jo der ein spelte, heilt klart! seier Tranaas entusiastisk, om scenene på bygdehusa.
Minnest Kvål og Royal Albert hall
Tranaas minnest at britiske band som Supertramp og Judas Priest turnerte på grendehusa på 70-talet, medan dei enno var relativt ferske og på veg opp, og han fortel om da Bjarne Brøndbo og DDE hadde «treningsleir» og sov på Mellingsmo-scena på Namskogan nokre tiår seinare. Den scena står no trygt bevart på Rock city i Namsos. På same scene øvde også Prudence på 60-talet.
Og så var det dei gongane han var med og spelte på sjølvaste Kvål forsamlingshus, huset som har vorte eit nasjonalt musikalsk bilde på å gå frå å spele på scener Tranaas kallar "høl i veggen-lokala", til scener i milliard-klassen som Royal Albert Hall. Eller for den saks skyld, dei nyaste kulturbygga her i landet. For Tranaas sjølv er ikkje frå Kvål til Royal Albert hall berre ein song, men faktisk sjølvopplevd.
– Det er jo realiteten! påpeikar han. Og reflekterer samtidig litt rundt kva det har gjort med forventningane til folk, at ein del kulturhus har vorte svært påkosta samanlikna med scenene i husa i distrikta.
Små scener i koronatida
Tranaas peikar òg på at dei store kulturhusa ironisk nok ikkje var der det vart spelt konsertar under koronatida, da det vart for dyrt for artistane å leige lokale for titals tusen for å spele for nokre få publikummarar. Nei, da var det dei små pubane og forsamlingslokala som kunne by på scener der ein hadde råd til å spele for svært få, som gjaldt.
Men trass i mange minne og legendariske hendingar, trur Tranaas det nyttar lite å prøve å gjenskape noko som har vore.
– Ein må flytte nye ting inn i gamle hus – fylle husa med nye ting. Ikkje med det same som i gamle dagar.
Han nemner sine eigne heimlege trakter på Otterøya på Namsos.
– Der har det vorte ganske hipt å flytte tilbake. På Skomsvoll ligg noko som heiter Folkehallen. Dei på Otterøya drar til Folkehallen på Skomsvoll i staden for inn til kulturhuset i sentrum, fortel han.
Husmøte
Dei aller fleste har kanskje litt andre minne frå grendahusa enn det Tranaas har. Korpsøvingar, korøvingar, bygdafest, bingo, teaterøvingar eller kanskje ein har hatt ei stor feiring der. At minna er mange, og at husa er viktige for lokalsamfunna, er iallfall sikkert.
Ein plan for Huset i Bygda-prosjektet, er å samle huseigarar frå dei forskjellige husa i Trøndelag, til eit felles møte 16. og 17. september, for å dele utfordringar og finne gode løysingar. Johan Einar Bjerkem, som òg er med på kartleggingslaget, nemner at berre i Henning kunne ein samla folk frå iallfall fem forskjellige forsamlingshus. Og om det kjem rundt ti personar frå kvart hus, blir det fort femti personar.
Mange stader er husa i god stand og i aktivt bruk til både kor og korps, konsertar og fest, og ein naturleg samlingsplass i bygda. Andre stader er husa mest brukt til utleige, og har stort potensiale for auka bruk som lokal kulturarena.
Målet med oversikten, er å synleggjere at husa finst, og å synleggjere at dei er viktige kulturarenaer og møtestader. Vidare er målet å kunne hjelpe huseigarane både med søknadsskriving og gode råd om drifta. Både dei husa som fungerer bra i dag, og dei som treng ei kraftig oppgradering.
Har eit mål om ei permanent støtteordning
Om prosjektet kjem like langt i Trøndelag som dei har gjort i Sogn og Fjordane, er det òg eit mål på sikt å få på plass ei permanent støtteordning, som gjer at alle organisasjonseigde hus kvart år kan søke om pengestøtte til forskjellige formar for vedlikehald. Både til mindre prosjekt som å byte vindauge eller kledning, men òg til meir omfattande prosjekt.
For å bruke verdiar på å halde husa ved like så ein kan halde fram å samle folk, drive med kultur og inkludere alle som vil vere med, er verdiskaping like viktig som kroner og øre, meiner Huset i Bygda-gjengen.
I Sogn og Fjordane har dette vorte mogleg gjennom Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som såg verdien i å støtte opp om dei lokale forsamlingshusa. Innan 15. april kvart år, kan huseigarane gå inn og søke støtte både til mindre og større vedlikehaldsprosjekt.
No vil Huset i Bygda i Trøndelag-gjengen invitere alle som er engasjerte i eit organisasjonseigd hus på bygda i Trøndelag, til å ta kontakt.
Fakta om Huset i Bygda
Landsomfattande prosjekt i regi av Noregs Ungdomslag, som skal kartlegge alle organisasjonseigde kulturbygg, og samle dei i ein eigen husbase.
Målet er å synleggjere desse bygga som viktige kulturarenaer, og å utvikle møtestader og verktøy for å gjere drifta enklare for huseigarane.
Starta som eit pilotprosjekt i Sogn og Fjordane i 2007, drifta av Ungdomslaget i fylket, for å kartlegge alle husa i fylket og å få på plass støtteordningar for vedlikehald og drift av husa.
Prosjektet er i dag permanent i Sogn og Fjordane, med fast støtteordning til vedlikehald av husa frå Sparebankstiftinga i fylket, og med fast støtte frå fylkeskommunen.
Har vore gjennomført over ein treårsperiode i Hordaland (frå 2013 til 2016) og Møre og Romsdal (2017-2021). Hausten 2021 starta prosjektet opp i Trøndelag, der Trøndelag fylkeskommune støttar prosjektet med eit årleg beløp til og med 2023.
Prosjektansvarleg for Huset i bygda i Trøndelag er Hilmarstiftelsen, med Torunn Hernes Bjerkem som prosjektleiar.
Første samling for huseigarar i Trøndelag blir 16.-17. september på Steinkjer. Ta kontakt med Torunn H. Bjerkem på torunn@hilmarfestivalen.no eller telefon 975 62 667 om de er med og driftar eit hus og vil vere med på samlinga. Der kan de møtast og dele erfaringar som huseigarar, få tips og inspirasjon.
Ein kartleggingsperiode på tre år er støtta økonomisk av Trøndelag fylkeskommune og Kulturalliansen