SAMARBEID OM SATSING PÅ KULTURBYGG

Sparebankstiftinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Huset i bygda startar eit samarbeid for å få meir "Spelemidlar" til Sogn og Fjordane.

Sparebankstiftinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Huset i bygda startar no opp eit samarbeid for at Sogn og Fjordane skal få fleire godkjende spelemiddelsøknader til kulturbygg. Målet er at ein på sikt aukar midlane som kjem til Sogn og Fjordane. Vi skal samarbeide om ei satsing på kulturbygg, koordinere tildeling av midlar og samarbeide om søknadshandsaminga. Vi startar jobben i år, og har som mål å sjå eit resultat i form av fleire godkjende søknadar neste år.

Desse tre aktørane ynskjer å støtte utviklinga av gode kulturbygg i Sogn og Fjordane, og vi ynskjer at fleire lokale kulturbygg får realisert draumen sin om utvikling, modernisering, rehabilitering, ombygging, ENØK-tiltak og universell utforming av kulturbygga sine.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har laga eit nytt søknadsskjema no ved søknadsrunden på våren. Dersom de skal sende ein Fullstendig søknad (over 10 000 kr) til Sparebankstiftinga, har det kome ein ny moglegheit under «Kategori» som heiter «Lokalt kulturbygg». Skal de sende ein søknad som omhandlar utvikling av kulturbygg, så kryss av i denne rubrikken! Søknadsfrist 01.mars. Har de spørsmål, så kontakt Kultursjef Pål Fidjestøl: Tlf 911 58 009 / e-post pf@sparebankstiftinga.no 

Søknadar til spelemidlar skal sendast til kommunen dykkar rundt 1.mars. Dersom de har spørsmål, så kan de kontakte Fylkeskommunen ved Guro Høyvik, tlf. 415 30 608 / e-post Guro.Hoyvik@sfj.no