Vardehall på Rake var vertskap for Regionsamlinga for dei organisasjonseigde kulturbygga i Stryn kommune tysdag 03.03.15.
Regionsamlinga i Stryn var ei nettverksamling der dei frammøtte kulturbygga fortalde litt om kva aktivitetar dei har i bygga sine. Mange gode tips vart delt; m.a. om "Husmedlemskap", grasrotandel og forsikring gjennom KNIF.
Huset i bygda informerte om søknadsskriving og ulike tilskotsordningar som kaan vere aktuelle for dei lokale kulturbygga. Mest fokus hadde i på "Spelemidlar til lokale kulturbygg", ei tilskotsordning via fylkeskommunen. Her kan ein søkje støtte om t.d. enøk-tiltak, universell uforming, nybygg, ombygging, modernisering og rehabilitering. Dei siste åra har 2 bygg i Stryn kommune fått tildelt midlar gjennom denne tilstkotsordninga. Denne tilskotsordninga har gitt bygga ein moglegheit til utvikling og modernisering, og gitt "ny giv i huset".