Seminaret «Verktøy til ein lettare arrangørkvardag» arrangerast i Trivselshagen på Sandane laurdag 07.03.15 kl. 10.00 - 14.30
Norsk Countrytreff, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Gloppen kommune inviterer til det årlege arrangørseminaret for dei som driv festivalar, konsertar, stemne og andre arrangement.
Seminaret har i år fått tittelen «Verktøy til ein lettare arrangørkvardag», og har valt ut tre tema som alle arrangørar, uavhengig av storleik, sjanger, geografisk plassering og kulturaktivitet, har nytte av. Dei tre foredragshaldarar gir deltakarane førsteklasses innføring og rettleiing i høgaktuelle tema og ta med konkrete verktøy tilbake til eige arrangement.
Seminaret er Laurdag 7.mars kl.10.00-14.30 i Trivselshagen på Sandane. Det kostar 150 kroner å delta.
Påmelding innan fredag 27.februar til: nct@breim.no eller på heimesida til Norsk Countrytreff: norskcountrytreff.no/seminar-2015.
Program:
10.00-10.05: Velkommen
10.05-11.05: Lokalt sponsorarbeid v/Lene Grande
11.15-12.30: Marknadsføring via facebook v/Vegar Sårheim
12.30-13.00: Enkel lunsj
13.00-14.20: Korleis skrive den gode pressemeldinga? v/Åge Avedal
14.20-14.30: Kort oppsummering
Innleiarane:
Vegar Sårheim jobbar til dagleg som IT-sjef i Fagmøbler Norge og er m.a. IT-ansvarleg i festivalen Norsk Countrytreff.
Åge Avedal jobbar til dagen som dagleg leiar i 4H Sogn og Fjordane og har starta opp selskapet Stas, som m.a. tilrettelegg aktivitetar for grupper og kursmodular innanfor ulike felt.
Lene Grande er økonomi-og administrasjonssjef i Førdefestivalen, der ho blant anna har ansvar for sponsorarbeidet.
Kanskje dette er noko for dykk?