"Skogstjerna" er det klingande namnet på ungdomshuset til Markane ungdomslag i Stryn kommune.
I løpet av eit år er ca 3 500 menneske innom dørene til det ærverdige bygget. Her er bygdakveldar, basarar, bandøvingar, 17.mai feiring, Juletrefest, og ei rekkje andre arrangement for alle aldersgrupper. "Tysdagssveitten" er eit av dei mest populære arrangementa, med 60-70 dansarar kvar veke.
https://www.facebook.com/pages/Markane-Ungdomslag/155509851190502?fref=ts