Brenn du får fellesskapet og ønskjer du å medverke til å skape sterkare og betre rammer for frivilligheita?
Vi er på jakt etter ein person som ønskjer å jobbe med oppfølging av lokallag og vidareføring av Huset i Bygda i Vestland fylke.
Sogn og Fjordane Ungdomslag er del av Noregs Ungdomslag, stifta i 1896. Som del av ein leiande kulturorganisasjon i Noreg har vi ansvar for å ta vare på og fornye den tradisjonelle folkekulturen. SOFUL medverkar òg til å ta vare på og utvikle nynorsk gjennom publiserings- og mediearbeid og anna kulturelt arbeid for å sikre nynorsk som skriftspråk. Vi dekker frivillig kulturarbeid og bidreg med kursverksemd innan folkedans, folkemusikk revy, teater, idrett og andre typiske klubbaktivitetar for folk i alle aldrar.
Sogn og Fjordane Ungdomslag er ansvarleg for ”Huset i bygda” i Vestland fylke. Prosjektet starta i 2010 og er no eit fast satsingsområde i fylkeslaget. Huset i Bygda arbeidar for å løfte fram og synleggjere alle formar for organisasjonseigde kulturbygg som viktige kulturarenaer, og utvikle møtestader og verktøy som kan gjere dei lokale laga til meir kompetente huseigarar. På den måten vil vi skal skape synlegare og sterkare organisasjonseigde kulturbygg i Noreg.
Vi søkjer ein person med vidfemnande interesser, med stor kunnskap om -og engasjement for frivillig organisasjonsarbeid og lokalt kulturliv. Personen bør vere busett i Sogn og Fjordane.
Lengde på prosjektstilling: Seks månader, med moglegheit for forlenging
Oppstart etter avtale
Søknadsfrist: 20. mai
Meir informasjon om utlysinga, sentrale arbeidsoppgåver og kvalifikasjonar finn de her.
Søknad med CV sendast til christoffer@ungdomslag.no
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med leiar i Sogn og Fjordane Ungdomslag Hildegunn R. Gjelsvik, tlf. 48 22 56 25 eller Christoffer Knagenhjelm, tlf. 48 00 48 17.