Alle som er engasjerte i eit av dei lokale kulturbygga i Jølster kommune er hjerteleg velkomne til ei innhaldsrik Regionsamling i Svidalen grendahus onsdag 29. april kl 19.30.
Dette er eit nettverksmøte der ein kan utveklse idear og erfaringar, og kanskje få nokon nye tips til kva dykkar lokale kulturbygg kan nyttast til.
Brannsjef i Jølster kommune, Tor Arild Segtnan, vert med på møte. Han vil informere dei frammøtte om brannkrav, rømningsvegar, samt krav ved ombygging og utbygging.
Andre tema for kvelden vert:
- Aktivitet og økonomi - tips og idear.
- Tilskotsordningar og søknadsskriving
- Marknadsføring og synleggjering.
Det vert enkel servering på samlinga. Møte er gratis.
PÅMELDING INNAN FREDAG 24. APRIL til prosjektleiar for Huset i bygda, Ingunn Nyheim, på e-post husetibygda@ungdomslag.no eller sms/ring tlf. 97403699.
HJERTELEG VELKOMEN!