Sogn og Fjordane Ungdomslag (SOFUL) tok i 2010 initiativ til pilotprosjektet Huset i Bygda. I dag er det Noregs Ungdomslag (NU) som har ansvar for prosjektet på landsbasis, mens SOFUL framleis har ansvar for drifta i Sogn og Fjordane.
SOFUL er del av ungdomslagsrørsla, stifta i 1896. Som del av ein leiande kulturorganisasjon i Norge har vi ansvar for å ta vare på og fornye den tradisjonelle folkekulturen.
Frå starten av var det viktig at tenesta i størst mogleg grad skulle vere gratis og at Huset i Bygda skulle famne om alle typar forsamlingshus – om det er ungdomshus, bedehus, grendahus eller bygdehus har alltid vore underordna.
Det som er viktig, er å legge til rette for at du og eg kan bidra til å halde liv i og utvikle desse viktige lokale møtestadane. På den måten er vi alle med å legge til rette for bolyst og trivsel for både nye og gamle medborgarar på vår eiga heimstad!
I tillegg til å legge til rette for fortsatt utvikling av møtestadar og verktøy, dekkjer vi frivillig kulturarbeid og bidreg med kursverksemd innan folkedans, folkemusikk revy, teater, idrett og andre typiske klubbaktivitetar for folk i alle aldrar i Sogn og Fjordane. Gjennom publiserings- og mediearbeid og andre kulturelle aktivitetar arbeider vi òg for å ivareta nynorsk som skriftspråk.
Er du nyfiken på kva NU og SOFUL kan tilby, så kan du lese meir om det her. Har du spørsmål eller lurer på kva vi kan gjere for huset ditt, så kan du òg kontakte oss på christoffer@ungdomslag eller mob. 48 00 48 17