Huset i Bygda og Ungdomslaget i Sogn og Fjordane har starta planlegging av Kulturbyggkonferansen for 2018. Dato er 3. november. Stad vert snart annonsert.
Huset i Bygda får ofte spørsmål frå huseigarar og andre som er involvert i lokale kulturbygg om korleis det er mogleg å auke engasjementet og aktivitetar knytt til sine hus. Frå 2020 vert Sogn og Fjordane slått saman med Hordaland. Mange kommunar i fylket vert òg samanslegne med nabokommunar. Dette kan gje nye moglegheiter og utfordringar for lagseigde kulturbygg.
Huset i Bygda har difor bestemt at tema for Kulturbyggkonferansen er innbyggarmedverknad og korleis kan lagseigde kulturbygg bli betre på å aktivisere og engasjere born- og ungdom?
Mange lag og organisasjonar har ulik erfaring i dette arbeidet. Vi ynskjer difor å ha erfaringsutveksling som eiga punkt på programmet. Kva kan vi lære av kvarandre, kva fungerer nokre stader, men kanskje ikkje andre stader (eller kanskje det gjer det?). Har laget ditt nokre erfaringar som kan være relevant for andre, så vil vi høyre frå deg!
Vi vil òg presentere ulike tilskotsordningar som er relevante for lokale kulturbygg og korleis ein aukar moglegheita for å få støtte.
Vi vil invitere føredragshaldarar som kan gje oss gode, praktiske innspel, på korleis det er mogleg å lykkast i dette arbeidet. Ved å fokusere på gode døme frå både lag og privatpersonar som har lukkast i sitt arbeid med å skape varig engasjement håper vi å skape debatt og diskusjon om dette temaet på kulturbyggkonferansen.
Mellom anna kjem Kai Roger Vatne, ny generalsekretær i Noregs Ungdomslag. Han vil fortelje om Noregs ungdomslag og lagsarbeid. Han kjem frå jobben som seksjonsleiar hjå Røde Kors. Han har òg jobba som journalist i Firda og er såleis godt kjent med Sogn og Fjordane.
Men det er òg viktig for oss i Sogn og Fjordane Ungdomslag at vi får debatt- eller innspel frå lag og organisasjonar med tilknyting til lagseigde kulturhus her i fylket (enten det er ungdomshus, grendahus, bedehus eller andre former for forsamlingshus) til konferansen. Vi veit at det skjer mykje bra borne- og ungdomsarbeid og vi vil at andre skal få moglegheit til å høyre og lære!
Har du innspel til konferansen eller spørsmål om noko, vil vi gjerne høyre frå deg!
De kan enten sende e-post til Christoffer på christoffer@ungdomslag.no eller nå ham på mob. 48004817.