Tysdag 21.mai, frå 18.30-20.30, er det hussamling i Nordgulfjorden Grendahus. Samlinga er gratis og open for alle som er involvert eller engasjert i drift av lokale forsamlingshus, som ungdomshus, grendahus, bygdahus og bedehus.
Påmelding innan søndag 19. mai.
Hussamlingane er viktig møteplass for huseigarar, for å utveksle erfaring og få tilført nye idear og kunnskap om t. d. aktivitetar, økonomi og søknads-/tilskotsordningar og offentlege krav til forsamlingshus.
Samlinga er eit samarbeid med Nordgulfjorden Grendahus.
Sjå plakaten for meir informasjon om hussamlinga.
Del gjerne invitasjonen med andre som har interesse av å delta på samlinga!
Påmelding:
E-post: christoffer@ungdomslag.no
eller send SMS/ring til mobil 48 00 48 17
(Hugs å skriv namn på deltakar/kulturhus og ev. e-post)
På vegne av Huset i bygda håper eg òg at dei som ikkje har registrert seg i husdatabasen nyttar høve til dette (sjå http://www.husetibygda.no/hus-oversikt#sognogfjordane/). Fyll ut vedlagt skjema og returner det til meg og Huset i Bygda ordnar resten!
Meld inn endringar av kontaktperson til ditt kulturbygg:
Huset i bygda sender ut aktuell informasjon på e-post til kontaktpersonane i kulturhusa i Møre og Romsdal. Difor er det viktig at vi har riktig og oppdatert e-postadresse. Er du usikker om du er registrert eller ikkje lenger sit i styret for det lokale kulturbygget, gje melding med rett kontaktinfo til Rådgjevar Christoffer Knagenhjelm, Tlf. 48 00 48 17/e-post christoffer@ungdomslag.no