KJÆRKOMNE MIDLAR TIL LOKLE KULTURBYGG

Spennande samarbeid

Dei tre aktørane ynskjer å auke aktiviteten og verdiskapinga i lokale kulturbygg, og vil samarbeide for utvikling og engasjement rundt kulturbygga. Prosjektleiar for Huset i bygda, Ingunn Nyheim, er glad for at fylkeskommunen og andre aktørar bidreg med midlar til kulturbygg.

-Sparebanken Sogn og Fjordane (SSF) har opp gjennom åra vore ein viktig støtte for aktivitet og utvikling i kulturbygga her i fylket. Nytt av året er at SSF v/eigaren sin Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, fylkeskommunen og Huset i bygda samarbeider for å løfte fram gode prosjekt og kulturbygg som satsar.

Igangsetjar

Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane kjenner til behova for midlar til kulturbygg.

-Generalforsamlinga i Sparebankstiftinga valde i år å setje av ein pott på 500 000 kr til kulturbygg, med søknadsfrist 15.april. Dette skapte stort engasjement, og over 40 bygg søkte om over 5 millionar kr. Vårt mål er at denne potten skal vere ein igangsetjar til spennande, allmennyttige prosjekt, og at enno fleire kulturbygg kjem i gang med å skrive søknader. Og for dei som ikkje får midlar i denne omgang, så kan ein søkje igjen ved ordinær søknadsfrist 01.september, samt «Forenkla søknad» om beløp inntil 10.000 kr .

Heldige «vinnarar»

-I den tjukke søknadsbunken låg det mange spennande prosjekt. Valet mellom søknadane var vanskeleg. Men vi prioriterte at ca 2/3 av potten på 500 000 går til kulturbygg som ligg i posisjon til å få spelemidlar frå fylkeskommunen. Resten av midlane går til gode tiltak blant søkjarar som ikkje har søkt om spelemidlar, seier Nyheim, og avslører dei sju bygga som får tildelt midlar denne våren.

·         Askvoll samfunnshus,  Tildelt 50 000 kr

·         Olden ungdomshus, Tildelt 75 000 kr

·         Mardal krins, Tildelt 100 000 kr

·         Bredvik og Bålen grendalag,  Tildelt 140 000 kr

·         Breimshallen, Tildelt 40 000 kr

·         Fjellvarden, Tildelt 25 000 kr

·         Balestrand bygdehus, Tildelt 70 000 kr

Store behov

I trivselsfylket Sogn og Fjordane er det over 400 organisasjonseigde kulturbygg. Desse bygga er viktige møteplassar med spennande og variert aktivitet. Guro Høyvik i Sogn og Fjordane fylkeskommune har over fleire år handsama søknader om «spelemidlar» til kulturbygg.

-«Spelemiddelordninga» er ei tilskotsordning til nybygg, ombygging, rehabilitering og modernisering av kulturbygg, og i Sogn og Fjordane vert ENØK-tiltak og bygg som samlar ulike kulturaktivitetar prioritert.

18 kulturbygg søkte om tilskot i år, og dette er det høgste søkjartalet på 18 år. Fleirtalet av søknadane kjem frå mindre, lagseigde kulturbygg, og vi ser at behovet for midlar til modernisering og rehabilitering av kulturbygg er stort. Dei 18 byggja søkjer om totalt 10,4 millionar frå «spelemiddelordninga», og totalkostnadane for prosjekta er rekna rundt 52 millionar, fortel Høyvik.

Levande lokalsamfunn

«Huset i bygda» vart starta opp som eit pilotprosjekt av Sogn og Fjordane Ungdomslag i 2010, og prosjektleiaren Ingunn Nyheim fortel at dei arbeider med å gi hjelp og informasjon til kulturbygga.

-Eit av våre viktigaste mål, er å informere om ulike tilskotsordningar og moglegheiter for kulturbygga. Vi ynskjer at fleire bygg søkjer midlar, og får sett sine spennande planar for bygg og aktivitet ut i livet. Vi veit at eldsjelene bak kulturbygga gjer ein enorm innsats som har stor betydning for levande lokalsamfunn. Vi håpar at tildelinga til desse 7 bygga vil setje i gang stort engasjement, dugnad og aktivitet rundt om i bygdene. Vi gler oss til å følgje utviklinga av bygga vidare, og at denne samarbeidsordninga vert vidareført i 2017,  avsluttar Nyheim.

·         Informasjon og søknadsskjema, desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg             

·         Huset i Bygda

·         Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane

Kontaktpersonar

Ingunn Nyheim, Huset i bygda: 974 03 699 / husetibygda@ungdomslag.no

Pål Fidjestøl, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane : 911 58 009 / paal.fidjestol@sparebankstiftinga.no

Guro Høyvik, Sogn og Fjordane fylkeskommune: 415 30 608 / guro.hoyvik@sfj.no