2.2 MILLIONAR TIL KULTURBYGG

Løyvingar

  • Askvoll samfunnshus, Askvoll: kr 190 000. 
  • Naustdal barne- og ungdomsskule, kulturhusfunksjonar, Naustdal: kr 1 070 000.
  • Realen kulturhus, Bremanger: kr 429 000.
  • Grendahuset Mardal skule, Gloppen: kr 408 000.         
  • Loen bygdehus, Stryn: kr 145 000.

Bakgrunn

Fylkeskommunane forvaltar tilskotsordninga "desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg" på vegne av Kulturdepartementet. For 2016 fekk Sogn og Fjordane 2 131 298 kroner frå departementet til fordeling i fylket. I tillegg har fylkeskommunen frå tidlegare år 325 456,31 kroner i rentemidlar og ufordelte midlar. Totalt var det difor 2 456 754,31 kroner til fordeling. Det kom inn 18 søknadar i årets søknadsrunde, og av desse vart 14 søknadar godkjende. Den totale godkjende søknadssummen er 8 515 000 kroner og den totale godkjende kostnaden er 47 130 985 kroner.

Fylkesdirektør for næring og kultur fekk i hovudutval for næring og kultur (HNK) sak 65/16 fullmakt til fordeling av tilskot til kulturbygg ut frå følgjande prinsipp og i prioritert rekkefølgje:

a) Gjenteken søknad.
b) Tiltak som reduserer energiforbruket, (ENØK- tiltak)/kulturbygg som samlar ulike kulturaktivitetar.
c) Tilleggsløyving.

På bakgrunn av dette har fylkesdirektøren vurdert søknadane og gitt løyving til fem av dei fjorten søkjarane som hadde godkjende søknadar i år. Tilsegns- og avslagsbrev er sendt ut til søkjarane.

Les heile vedtaket her:

Les meir om desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg

For meir informasjon

Sissel Lillebø Aarseth
Fagkoordinator, nærings- og kulturavdelinga
e- post: Sissel.Lillebo.Aarseth@sfj.no
mob: +47 911 52 030

eller

Guro Høyvik
rådgjevar, nærings- og kulturavdelinga
e- post: Guro.Hoyvik@sfj.no
mob: +47 415 30 608